Hanen er daud

Noko som er naturleg når den er laga av gummi. Heng på veggen og lagar lyd om eg trykkjer på den på magen.

Det er julaferie, og eg ryddar trufast rommet. Dette går i hovudsak ut på å tømma golvet, sortera alt som ligg på alle overflater og eit fåfengt forsøk på å organisera klesskåp og kommode.

Eg har i år delt mykje småting opp i to boksar: Kontorrekvisita og Korps. I Kontorrekvisita ligg pennar, saks, lim, tusjar etc. Denne er naturleg nok nesten heilt full. Det er også Korps. Noko eg ikkje hadde trudd. Då eg starta ryddinga var denne nemleg berre halvfull og halvparten av det hadde ikkje noko oppi boksen å gjera. Men i tillegg til fliser, treolja, renseutstyr og ekstra pærestykker og klammer, har eg og putta alt eg finn som har med Blæst'n å gjera oppi. Kategorien "Blæstting" inneheld, men er ikkje begrensa til: buttons, bruspulver, shotteglas, eit flagg, alt anna som kan hengast på ein busserull.

Tja.. Prokastineringa skortar det ikkje på.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

23, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generelt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits