Twilight- Breaking Dawn del 1

Eg vart dratt med på denne i går, heilt etter eigen vilje. Litt skeptisk, fordi eg synest boka er fengjande på same måte som husmorporno er fengjane og det er ikkje akkurat stor litteratur. Eg måtte og dobbelsjekka at det faktisk var laga ein film 3, då eg ikkje kunne hugsa den :P.

Eg vil sei eg er godt nøgd og har fått mykje valutta for pengane. Eg har ikkje ledd så mykje på kino sidan eg såg ORPS - The movie, eller Terminator 3. Alle sarkastiske ting frå boka som vert spelt ut som var dei seriøse, Lautner sitt skodespel, mangelen på mimikk hos Steward, bryllupstalane, alle teite ting Pattinson har sagt om filmen, alt hysteriet rundt dei, all skytsen du får frå motstandarane og kommentarane frå jentungen bak meg, gjorde dette til ein fantastisk komedie!   (og moglegens noko forvirrande for alle andre i salen, då eg sit og ler høgt på totalt upassande stader)

"Can't you see I'm happy?" Nei, du ser litt sur ut! Det er klissete og kleint, og i mykje større grad øydeleggande for sexlivet til framtidige generasjonar enn det Trekant nokon sinne kjem til å vera. Synest litt synd på mødrene som var der med sine 10 år gamle døtre og måtte sjå seg gjennom eitt stykk lang, sakte sexscene med knusing av seng, riving av puter (noko som eg gjerne skulle ha sett) og blåmerker etterpå (Scena er veldig tona ned. Såg for meg ei mørbanka Bella då eg leste boka), med påfølgande demonbabyfødsel, der eg sit og tenkjer:
"Det er ein svært blodig unge. Kor lenge har du tenkt å stå der og sjå på han, du har trass alt bete deg inn dit, etter at syster di stakk ein skalpell gjennom magen på damo. Ho burde jo blø ihjel snart! Idiot!" Ganske heftige saker (fødselen), og eg håpar ingen finn på å dra med seg 7åringen sin på denne filmen...

No gru/gledar eg meg til neste film, der Bella, som er ein ok karakter i 3,5 bøker vert omgjordt til ei Mary Sue. Håplaus som menneske, fantastisk som vampyr. Keeeeisamt, og litt typisk fanfiction....

""Ah, but Aragorn, you gorgeous hunk you," she grinned, "I am Elrond's long lost niece." 
[...]
"Die, Oh Mary- Sue, spawn of Morgoth!"

Roxanna's head flew several yards before it rolled into a hollow."

Frå "Don't Panic", som ikkje omhandlar vampyrar, men er ein god Ringenes Herre-fanfiction som bankar på den fjerde veggen og som har eit stort hat mot alt som linkar Mary Sue. Verdt å lesa! :D

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

23, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits