Skriva ting

Eg må skriva labjournal. Og det er ikkje alltid like kjekt. Trur det vert betre når eg kjem i gang, men nett no berre gruar eg meg.

Me har identifisert 4 av 5 bakteriar! Hurra!

Dei utleverte:
8a- Escherichia  (basert på klassiske testar og at koloniane våres ikkje er gule og dermed ikkje bør vera Enterobacter
8b- Bacillus (basert på klassiske testar OG 16S rDNA sekvensering. Best treff på B.subtilis, men skal vistnok vera B.megaterium, som me har 92% treff på. Men Bacillus er såpass like i 16 S, at me eigentleg berre kan skilja på om det er cereus-gruppa eller subtilis gruppa...

Dei me har sjølv isolert frå laks:
KPG-A  Pseudomonas (klassiske testar snevra inn på denne og to-tre andre. 16S rDNA-sekvensering gav oss høg treff på Pseudomonas fluorescens
KPG-H Her har me fleire alternativ, så me får ikkje snevra den inn noko serleg.
R2A-A1 Alcaligenes. Basert på klassiske testar sat me att med denne og Halobacterium. Men Halobacterium.  tilhøyrer archea, og ikkje prokarya, og er dessutan så halofil (saltelskande) at den ikkje burde vekse særleg på våras medium. Er ikkje sikker på om det gjeld for alle artar i genus Alcaligenes, men dei er opportunistisk patogene \o/

Skriv om :

Isolering av bakteriar
Platespreiing
Cfu
Reindyrking
Klassiske testar:
-mikrosopering
-gramfarging
-KOH-test
-Gram-negativ-spesifikk antibiotikatest som ikkje fungerte
- fermentering/oksydering av karbohydrat
-flagellfarging
-katalasetest
-oksidasetest
-kasein hydrolyse
-gelatin hydrolyse
-lipid hydrolyse
-Nitratreduksjon
-Anaerob?


Kommersiell test:
-BIOLOG  (men maskina er øydelagd, så me får ikkje lest av platene våras)

Molekylære testar
16S rDNA sekvensering
- isolering av DNA
-elektroforese av isolert DNA
-PCR amplifikasjon av 16S rDNA
-Elektroforese av produkta
-Reinsking av produkta frå gelen
-sekvensering (som  vart gjordt eksternt)
-Samanlikning av 16S rDNA sekvensen med andre sekvensar i databasar

Og ein heil del til om
MILJØMIKROBIOLOGI!

 

Vår homofile bakterie:

Ok, så passar det ikkje heilt, men det er ikkje langt frå :P

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

23, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits