Om ein fyr kalla Gram og bakteriar som ikkje oppfører seg som dei skal.

Det var ein gong ein danske som heitte Hans Christian Gram (1853 - 1938). Han dreiv med bakteriar (hurra!). Fyren oppdaga korleis ein kan skilje frå kvarandre to store bakterieklassar ved å farga dei. Dette vart kalla Gramfarging, og alle bakteriar kan i dag klassifiserast som enten Gram-positive, eller Gram-negative.

For sjøl om det er utruleg stor variasjon mellom bakteriar, så har dei berre to hovudtypar av cellevegg.

Takk Wikipedia!

 

Dette er nyttig informasjon, fordi på bakgrunn av celleveggen, kan du finne antibiotika som berre drep Gram-positive (f.eks Penicillin) eller berre Gram-negative. Testen tek heller ikkje veldig lang tid, viss du fyrst let ein kultur veksa opp...

Det ser og ganske tøft ut når du er ferdig, då bakteriane enten vert rosa (G-) eller blå/lilla (G+)

Lilla er Staphylococcus Aureus, rosa er Escherichia coli.

 

No har eg ikkje tid til å skriva meir, men bakteriane lever enno, sjølv om me forsøkte drepa dei med Gram-negativt spesifikt antibiotikum, så no må me gramfarge på nytt, for å verte sikre :P

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

23, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits