Nytt år, nytt semester, ny hybel!

Feria at me er no i 2011, ved å nesten skriva 2010 på fleire sider av eksamenen min i går :-D

Veldig kjekt å starta semesteret med ein fridag :-D Ingen forelesningar på tysdagar, ikkje forelesning før 12 på torsdagar. Ganske bra semester i grunn! Bioinformatikk vert interessant, då eg aldri har hatt eit informatikkurs før, og ikkje har peiling på kva det går ut på. I tillegg kjem Grunnleggande Mikrobiologi II og labkurset til dette. I juni vert det Molekylærbiologi Labkurs. Tilsaman to eksamenar (måtte dei som synest 18.mai er ein hyggeleg eksamensdato brenna!)  og to labjournalar. Veit ikkje om me har deleksamenar eller noko slikt. Sikkert obligar i bioinformatikk. Men dersom me står på alle dess, har eg i juni ein Bachelor i Bioteknologi. Evt ein Bachelor i Molekylærbiologi. Eg kan visst velga! :D

Har flytta til Eplehagen! Hurra! Har eit lyst, fint, ganske rotete rom, som eg håpar eg kan få rydda så snart eg er ferdig og skriva ditta :D

Me er eit reint jentekollektiv, så det er nytt. Har for fyrste gong sidan eg flytta heimanfrå TV! Hurra! God Morgen Norge og nyhende til frukost! Deler bad med berre ein person! Hurra! Betalar ikkje straum! Hurra! Fryseskåp på kjøkkenet! Hurra! SÅ eg er nøgd :D

Ellers dirigerar eg no Åsblæst'n! Det er ganske gøy, men litt skummelt og. Må finna musikk og slikt, og lera meg å dirigera! EEEP!

No må eg rydda.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

22, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits