OMG! Blogg!

Eg er tilbake på Ås.
Livet går i hybelrydding (og roting), fadderveke og husdyravl.

Blæst'n er starta opp att (me spelte på graskurs del 1, og skal spela på graskurs del 2 \o/), og eg har tatt kontakt med Spelemannslaget Flatlusa for å sjå om det er noko interessant for meg der. Ås Musikkorps står på vent, då eg truleg ikkje har tid til det saman med UKA (det er UKA denne hausten! Hurra!), men eg har sagt at eg truleg kjem att i november, for å vera med på nyttårskonserten. I fjor var denne ein kavalkade, så eg er spent på kva slags musikk det vert i/til år/neste år.

Har enda på at faga eg vil ha til hausten er husdyravl, bioetikk og molekylærbiologi (dette er obligatorisk, så eg har ikkje noko val :P )  Tek introkurset til husdyravl (HFA100) i august. Kan lite om husdyr har eg forstått, men genetikken er grei og rekninga skal eg koma meg gjennom.


UKA KAUKA AUKA UKA!!! Hurra!!!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

22, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits