Kjære, snille UMB

Eg har no vore student hos dykk i 2 år, og eg likar deg godt, men eg hadde håpa du kunne hugse at eg helst vil ha eksamenen min på nynorsk.

Til no har eg fått
Ex.phil
Fysikk
Mikrobiologi
Statistikk
og Utvida organisk kjemi på nynorsk.

Desse fekk eg ikkje på nynorsk:
Cellebiologi
Matematikk
Genetikk
Generell kjemi
Eksperimentell og anvendt biokjemi.

Molekylærgenetikk innan husdyrbruk og akvakultur kan eg ikkje hugse kva målform var på, men eg trur den kanskje var på nynorsk...
Biokjemi kom med 6 setningar på nynorsk i løpet av 7 sider, og masse skrivefeil, så eg veit ikkje heilt kvar eg skal leggje den.

Kan du forsøka å ordna dette til seinare?

Takk!

Én kommentar

mamma

19.mai.2010 kl.21:26

Stå på Kari. Dette er viktig. Send bloggen vidare til dei som har ansvar for at rettane og føreskriftene vert haldne. Kanskje nokon treng eit norskkurs? Me gler oss til i morgon!!!

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

22, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits