Godt nyttår og alt det der!

Har hatt eit blogginlegg liggande i tankane ei stund. Men no hugsar eg ikkje kva eg skulle skriva om.

Truleg litt skule, litt korps, litt jul, litt heima, litt familie og litt om folka på TarValon.net og sikkert litt meir :-P

Litt skule:
Eg tek eit husdyrfag! Rett nok så er det eit genetikkfag for husdyr, men eg må likevel gå ned til husdyrfag kvar dag. Det er tilfeldigvis eit av dei bygga som ligg lengst vekke frå alt anna. Jippi. Er konstant forsein. Faget er rimeleg kjekt. Mykje eg visste, men mykje nytt og. Strakk noko i ryggen før eg skulle på forelesning tysdag, og enda opp med å miste dei to forelensingane om kloning. Kjipt kjipt kjipt! Har skrive semesteroppgåve med Guro, om porfyri i sau. Dersom du lurer, skal eg forklara. Me leverte i går! Eg er imponert!

Ellers ventar me på karakterar som ikkje kjem fordi dei har tekniske problem med nettsida. Og har stått  med ein god karakter i Utvida Organisk Kjemi! Totalt ufortjent spør du meg!

Litt korps:
To korps :-D Veldig kjekt! Nyttårskonsert med Heine Totland og Hilde Gjermundsen Broch. Veldig gøy! Blæst'n har fått ny dirigent, Guro, så dette vert bra det og :-D

Litt jul:
Eg har fått gitarbok :-D Og lest masse Stephany Meyer. Synest "the Host" er den beste boka ho har skrive. Vore heima! Truffe alt for lite folk, men eg er lat, så beklagar at eg ikkje har tatt kontakt! Dima er beste nevøen, Guddis og Daddis er beste systrene! Guddis reiste i går mot aust og me trur at ho og Hannis landa trygt i Bankok i natt ein gong :-D  Dei har blogg! WOW!!

TV.net
Traff ein heil masse folk frå TV.net! Ein internasjonal bokklubb for Wheel of Times fans. Me er ganske mange i Noreg og treffes med ujamne mellomrom for å eta litt og bowla. Kjekt :-D

Ellers har eg det ganske bra, flytta nye folk inn her, og dei er veldig koslege! Eg er yngst, noko som er litt rart, men me bryr oss ikkje om det. Alle går 1. eller 2. klasse :-D

Skal jobba på Samfunnet i kveld, så dette vert ein lang dag :-)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

21, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits