Ønskelista, schmønskelista

Gudrun, kan du spre denne?

Pengar til ein skikkeleg støvsuger.

To av dei eg bur med flyttar ut til jul, og då er eg rimeleg sikker på at støvsugeren til ho eine forsvinn. Det er 2 små på boden, men eg vil ha ein stor. Trur eg.

Ullstilongs
Må ikkje klø!!!

Tjukkelubbe!
Strikka, einsfarga <3

Kjekt brettspel
Så eg og Kristine kan spela :-D

Miksmaster
Sånn stor som mamma har. Som kan kna deig, for handmiksaren min har ikkje stor nok motor...

Gitarbok
Eg fekk ein gitar til jul for to år sidan. Men eg kan jo ikkje spela. Trenge ei bok som kan lera meg litt sånn...

Notestativ
Eg trenge eit skikkeleg notestativ. Det som ligg i kjellaren er gått i jengene. Dersom dette kan fiksast, så hadde det og vore ein fin ting, og då kan dette punktet strykast. :-D

Noko å henga på veggen
Plakat, bilete, bildecollage av venner, familie... Noko slikt

Gode bøker

Eg er ikkje veldig glad i krim, thrillerar, grøsserar eller andre bøker der folk gjer dumme ting. Men ellers treng eg å utvida horisonten min. Fagliteratur kan og vera spanande :-D

Gode filmar
Same som over. Taklar heller ikkje veldig bra romantiske komediar. Folk oppfører seg ofte veldig dumt. Aristokattene på DVD er høgt på lista.

Billettar til teaterstykker i Oslo
'nuff said...

Fin musikk
Eg er altetande

Kjøkkenhandkle, klutar og forkle!
Eg har gryteklutar, men treng meir av det meste.

Nemi-planleggjar
Denne er kjempekul, ikkje veldig stor og eg har kjempelyst på ein :D

Hammar!
og knipetong. Elektrikarteip.

Eit mjukt sjal/skjerf med ull
Eg har ikkje noko slikt om dagen. Kun viskose...

Symaskin
Hadde vore supert å hatt. Kan ikkje lova at den vil bli mykje brukt...

Kule t-skjorter
som det står noko på. Likar ikkje rosa!!!

Sikkert mykje anna :-P

2 kommentarer

mamma

02.des.2009 kl.23:15

duådu, ditta va kje lite. Sikkert ein nisse som blir gla' for å ha fått ei skikkeleg långe lista. E da mulig for deg å prioritera trur du? Eg har hatt lite inn på flax'en i da sista. Og så kom eg te å riva ne' bade' i kjellaren. No leitar eg itte ein golvleggjar. Og ein røyrleggjar. Og ein elektrikar. Og snekker Andersen. Hm. Trur da blir trongt på bade' oppe i julahelgjo... Elles ynskje mormor at de underheld med stemmer og instrument på åttiårsdagen hennar. Så du får nappa med deg høvelege notar viss du vil bidra med noko. Trur Dag og eg må øva inn att Porsangervalsen. Den er ho veldig glad i. Gudrun ynskjer seg ein Swiss-army med masse nyttig på. Ikkje tung. Den kombinasjonen er umulig! Mons og Mogens har premiere fredag. Han gler seg. Og eg gler meg til du kjem heim til jul!! Klem frå mamma

Kari Lovise

03.des.2009 kl.00:46

Kvifor riva ned badet før du har planlagt at nokon skal bygga det opp att? Er ikkje det det same som å bannlysa alle som ikkje toler sopp frå kjellaren totalt? Sporer og slikt i lufta tenkjer eg på...

Eg skal sjå om eg kjem på noko til mormor. Korleis tenkjer ho å feira?

Skal prøva å prioritera :)

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

21, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits