Mimre schmimre

I kveld saknar eg Romerike. Det kjem av og til. Eg fann årboka innerst i bokhylla og opna den. Og det slo meg at eg saknar Romerike.

Eg saknar det å alltid finna nokon å snakka med, eg saknar felleskapet og produksjonane. Livet. Ord for dagen. Eg saknar skulekoret, det alt for kalde bassenget. Nordbytjernet. Fotballbana. Kalde golv i Stallen. Spøkelsa som ein var sikker på at var der når ein vandra gjennom skulen klokka to på natta. Låven. Kostymelageret. Storsalen og matsalen. Rommet mitt med gyslege vegger og gamalt golv.

Men mest av alt saknar eg menneska. Dei fantastiske, kreative menneska som fekk meg til å smila, grina og le.


Og eg er sint på meg sjølv fordi eg er så dårleg på å halde kontakten.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

21, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits