oppdatering?

Berre sånn i tilfelle de lurte så er dette ståa:

Rommet er kaos
Klesvasken er rein, men ikkje bretta.
Kommoden er orden.
Skapet er kaos (skapet skal verte i orden, når eg byrjar å legge meir i kommoden og får beslutta kva som skal kvar)
Eg har duftolje frå Body Shop som luktar grønn te
Eg har 5 Harry Potter filmar.
Eg tek 5 studiepoeng meir enn eg eigentleg treng (35, mot 30 vanlege)
Faga mine er Statistikk (stat100), Mikrobiologi 1 (bio130) og Utvida organisk kjemi (kjm210).
Eg skal lab i mikrobiologi og organisk.
Eg bur med Thea, Signe og Kristian (Christian?)
Eg har skaffa meg seng, kommode og bokhylle, men treng ei bokhylle til.
Nynorsk er fortsatt best.
Frp kan brenna.
Er ikkje ferdig med KoD.
Lamper som går på solceller er gøy.
Stearinlys er koseleg.
Freia har betre kakao enn Toro
Korpset er framleis Åsblæst'n
Me skal setta opp revy.
Eg skal muligens reisa til Trondheim ein tur.
Det er ikkje lenge til fyrste deleksamen i Organisk.
Mikrobiologi har eksamen dagen etter statistikk. (blod og oske)
Mat skal helst handlast med sekk.
Eg har til no berre vore ein tur til Ski.
Eg har snart brukt opp vaskepolettane mine.
Eg skal på samfunnsmøte med Jonas Gahr Støre om nokre timar.
Eg burde dra på øving i stat100.
Eg er framleis webansvarleg.
Eg har skrive min fyrste attest til eit anna menneske.
Eg vurderar å eta på Samfunnet i dag, då dei serverar fisk.
Maten på Samfunnet vert du mett av.
Eg skal jobba på CC Cowboys i morgon og er med det ferdig med dei obligatoriske vaktene som Ordensvern.
Gratislista gjeld på Studentpremiera :-D
Truleg treffest oblig i stat100 og delprøve i organisk kvarande.
Eg kjeme ikkje på noko meir å skriva.
Eg er framleis singel.
Dima er finaste nevøen :-)

Weeee!




2 kommentarer

Gudrun

18.sep.2009 kl.13:56

Du gløymte at søstrene dine er dei finaste søstrene, for eg meiner nemleg at mine søstre er dei finaste søstrene, og det inkluderer i stor grad deg tenk :)

Og freia kostar banen med all anna sjokolade både i flytande og fast form (no reknast altså ikkje sjokade og stratos og smash, for dei er skapfreiaprodukt)
og frp kan dra dit peparen gror og Jonas er ein bra mann. Om ikkje anna så kan du gifta deg med han :D

Kari Lovise

18.sep.2009 kl.15:44

Fersk Hval-sjokolade er ganske godt!

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

21, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits