Rydding

er ca det mest keisame eg veit. Har no fått nesten alle bøkene mine inn i bokhylla. Golvet flyt med småting eg ikkje er heilt sikker på kvar eg skal gjera av, og grunnen til at eg skulle ha to bokhyller og ikkje ei byrjar å syne seg. Men eg har nokre esker eg kan leggja ting i.

Har dessutan rekna på det og rommet er kring 10 kvadrat. Litt større. Men eg reknar med det går bra, då eg tek sjangsen på å ha ting på badet her :-P

Og kvar skal eg leggja alle blader og brev som samlar seg opp frå Ungdom mot EU, Røde Kors, Leger Uten Grenser, Norsk Målungdom, UMB, div bankar... Og gamle skrivebøker?

Skal eg selga bøkene frå i fjor? Har vel alt lova vekk den eine, men kva med ex.phil og matte?

Må og finna eit betre system for det meste. Frå skittentøy (har skaffa meg korg å ha det i omsider. IKEA-posar held berre så lenge) til hygieneting, til sengetøy (tippar det får ei kommodeskuffe) , klesskapet er bombeområde... 

Me har fått klarsignal til å tømma boden vår. Der står det ganske mykje skrot. Då kan eg legga bagar og sekkar og ein boks eller to inn der.

Mamma: eg lovar eg skal kvitta meg med skrivebøkene, det vil berre ta eit par år først. Eg lyt vera sikker på at eg aldri treng dei att.

Nett no er det best orden i bøker, musikk og filmar, minst i kosmetikk og slikt, klede og krimskrams...

OG EG KAN IKKJE FINNA DEN GRØNNE HEFTEMASSEN MIN!! EG VIL HENGA TING PÅ VEGGEN!!!!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

21, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits