På reisefot...

Nett no sit eg på det eg trur er Teisten, ein av Tide sine snøggbåtar. Eg er rimeleg døgnvill, avdi eg har vore oppe til både 2 og 3 dei siste nettene og i natt la eg meg rundt halv eitt og var oppe klokka 6. For båten går så gysla tidleg.

Båten er forsåvidt eit av mine favoritt transportmiddel. Ikkje akkurat miljøvennleg, store motorar som brukar ganske mykje disel eller kva det no er dei går på, men å komma seg frå Bømlo til sentrum av Bergen på halvannan time er omtrent så fantastisk som det går an.

Så difor sit eg her no og ser på at ca 75 % av pasasjerane går av på Flesland, med gule avstigningskort, klare for å fly vidare, medan eg framleis har mitt rosa liggande i lommeboka. For eg reiser noko meir miljøvennleg vidare.

No er det 20 minuttar til me er i Bergen og ca 2 1/2 time til toget mitt går. Og er synest det er litt dumt at NSB enno ikkje har funne ut korleis dei kan ha internett på toga, når Tide og Fjord1 klarar å leggja det inn på snøggbåtar og ferjer. Men eg har Big Bang-theory, the Sims og muligens Morrowind på PCen og komfortbillett. Og Knife of Dreams, som eg kanskje bør gjera ferdig snart.

Og med dette pakkar eg no ned PCen, for eg brukar litt lang tid på å formulera og me køyrer snart innunder den  fyrste av bruene mot Bergen. Eg vil anta at neste gong er er på nett er eg på Ås, men ikkje ta meg på ordet, for plutseleg ar eg funne meg einstad å pakka opp PCen på.

Snakkast!

2 kommentarer

Elena

07.aug.2009 kl.08:00

have fun!

E L S E

07.aug.2009 kl.12:39

Big Bang Theroy :D

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

21, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits