Ein draum

Eg lovde Aida å skriva om dinna draumen, men eg huske ikkje så mykje...

Me var på hytto. I ein skråning nedanfor og eit stykke bort er det ganske mykje is, som kjeme av at vatnet er tappa ned. Det verkar ikkje som om det er nokon sprekkar. Det har samla seg tre-4 større grupper med folk i skråningen som har eit salgs marked. I eine gruppa, gruppe 2, er det nokre brannmenn med CO2-slokkeapparat, då nokon driv med noko brennbart der.

Det kjem og går lit folk. Ingrid har ein stand nesten nere på isen nedforbi gruppa med brannmenna i. Det kjem ei ny gruppe og nokon ber brannmennene gå dit og informera. Med ein gong dei er gått, tek noko fyr i gruppe 2, det brenn bra og eg oppfattar at det er ein gassbrann i botnen av det heile. Det brenn stadig meir, og brun røyk sig nedover. Brannmenna er i den borteste gruppa, saman med CO2 apparata, og det verkar ikkje som om dei har tenkt seg bort for å slokke brannen.

Det finnes ikkje vatn, då det er vinter og alt er is.

Eg får Ingrid og Dimitri med meg lengre vekk, det er litt panikkstemning i alle menneska,  og me ser opp i skråningen der eit digert område brenn lystig. Eg tenkjer at det har tatt fyr i grunnen under isen, og i nokre tre. Det er mykje røyk som stig. Det var og mykje folk der oppe.

Så vaknar eg før klokka ringer...


Stikkord:

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

21, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Leikar meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås.
Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

myspace visitor counter

Kategorier

Arkiv

hits