Skule!

Kjemilab gir meg litt angst.

Syrer og basar og etsande ting. Føler heile tida at noko svir, men det er ingenting. Skiftar hanskar alt for ofte og vert nesten fysisk dårleg, avdi eg er redd for å gjera feil. For det gjer me alltid. pH-meteret likar ikkje aceton f eks. Og så byrjar folk å bli ferdige og eg vert stressa avdi klokka går for fort...

Enda opp med 5 titreringar i staden for 3 for å få to som var brukbare. Og uansett er resultatet heilt på trynet. Feilprosent på 1.3%.

Ellers er det kjemieksamen på torsdag, genetikkinnlevering på fredag, fysikkeksamen på fredagen etter. Ei veke med kun lab og oblig, før genetikkeksamen på onsdag, og ny kjemieksamen på torsdag. Alt dette skal balanserast med å halda tritt i faga, konsert med Åsblæst'n, oblig på TF, ein lab me anar ingenting om i fysikk og 3 kveldar på ordensvernkurs.

 Skjønar ingenting i fysikken btw. Trudde eg hadde taket på vektorar på vidaregåande, men dei var jo matematiske og ikkje krefter som går i alle retningar på likt. Gaah! Treng rekning.

Genetikken er opp og ned. Fekk taket på dobbel overkryssing av alle ting... Var visstnok så mange bra karakterar på fyrste eksamenen at læraren trur me vert historiske. Eg trur ho vert skuffa... Forstår ikkje oppg 5 i obligen. Får feil avstandar mellom gena på kromosomet. I molykylærgenetikken skal me leika med Arabidopsis. Det vert gøy håpar eg. Kanske me får beskjed om korleis det gjekk med dei plantene me modifiserte i haust...

No skal eg bort på BioTek. Må berre laga ein kopp te fyrst. Eg har fått meg god termokopp :-D

Berre 4 veker til påske! Hurra! Må sikkert rekna fysikk :p

7 kommentarer

Aida

09.mar.2009 kl.20:11

Å herregud! Lykke te med alle eksamenane! Du må prøva å få slappa litt av og i påsken, ikkje bare lesa lesa :)

Linn J

09.mar.2009 kl.20:27

Fysikk er triste greier :P

Gudrun

09.mar.2009 kl.21:40

Herrejesuskristus du snakke kinesisk for meg :)
Lykke te pus!

marianne

09.mar.2009 kl.21:41

fysikk

marianne

11.mar.2009 kl.17:56

jeg gir opp dette kommentargreiene. Jeg skulle si: Dersom du har problemer med fysikk, ring meg. Ett vennlig tips om kraftvektorer: Alle krefter har en motkraft. Sånn. Snakkes!

Kari Lovise

11.mar.2009 kl.19:12

takk :)

Nett no er det kjemien som slit. Har ei veke på å få orden på fysikken :-)

Hanne

12.mar.2009 kl.14:47

Hoho,.
eg hugsa då eg va "lita" å teikna vektor-pile-krefter i alle moglege retningar.
Kva er det eigentlig du skal bli?

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

21, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Skal leika meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff i 3 år på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås. Og kanskje to år til. Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

Kategorier

Arkiv

hits