Tur til Ski og alt mogleg anna....

Fri fri fri! Ikkje meir fysikk-tjuvstart! HJELP! Semesteret byrjar på tysdag! Timleplanen min ser slik ut:
Photobucket 
Eg trenge ikkje gå på alt. Rekneøving fredag ettermiddag er for eksamensangst :p

Drog til Ski i eitt-tida. Sprang på Haldis på bussen og like etter me var komne til Ski Storsenter traff me Mari. Me vasa litt rundt og handla litt :) Køpte meg eit svart bomullsskjørt i knelengde, ein ullgenser/jakke/sak/ting, sokka, belte (heilt vanleg keisamt til å halde bukser oppe), eit nytt sjal, og ein fantastisk blå glitrete fjærkulepenn som eg skal ha på forelesning. Han er kjempebarnsleg og eg elskar han. Skal ta bilete... FOR

Eg har kjøpt meg kamera!!! Hurra!

Og eg og Gudrun skal til Gol i februar :D

GRATULERA MED DAGEN MAMMA!


Og eg såg Twilight i dag. Likte han. Bryt ikkje veldig med boka. Ein av få filmar eg er nøgd med i forhald til boka. Til tider er Edward dessverre ikkje heilt fantastisk, og Bella er det heller ikkje så ofte, men eg er ikkje så fan av ho uansett... Ingen av vampyrane, med muligens unntak av Esme var slik eg hadde tenkt  meg dei. Og James. Sidan eg har sitt traileren sånn ca 100 gonger. Likte Jacob. Han som spela Emmet gjorde det veldig bra. Carlisle var kul. For bleik i første scena si, men det tok seg opp :-)


Ellers kjøpte eg Stardust,nesten 13 timar med Hornblower og den første sesongen med Buffy. Usikker på kvifor eg kjøpte den siste... Hadde dei hatt House, hadde eg ikkje kjøpt anna enn den. Og Bowie-plata :D

no er hjernen trøytt. skal laga ein biletsak, så de ser korleis veka har vore...

11 kommentarer

Monica

25.jan.2009 kl.00:06

Åååå! Så søt du er! Tusen takk for tipsene! Jeg er faktisk ganske oppegående enda, vet jeg burde sove, men klarer liksom ikke komme meg i seng. Ligger heller i sofaen og gjør ingenting i stedet:)
Er ikke kvalm - heldigvis - for matlysten får ingen ta fra meg! I morgen skal jeg bestille indisk mat på døren! Det tror jeg blir fint!
Går det bra med deg ellers!?

Mange klemmer fra Monica*:)

Lisa

25.jan.2009 kl.13:04

Oh, wow. Me har virkelig ulikt syn på Twilight. :p Eg kunne ikkje tenkt meg å verken sitt eller lest boko om di så hadde blitt heve itte meg. Edward e ikkje fantastisk. Han e manipulerande, sjalu og creepy, og forholdet mjødlo Edward og Bella? Ikkje eit sunt, romantisk forhold, og JAFFAL ikkje perfekt (romantisk at han bryte seg inn på rommet hennas og stirre på ne om natto? Hell no. :p Romantisk at han fjerne motoren på bilen hennas for at hu ikkje ska få besøka venner han ikkje godkjenne? Uh. Nei.)
Noken interessante linka: www.hvparent.com/articles/article.aspx?id=843 ; cleolinda.livejournal.com/602881.html ; otahyoni.livejournal.com/130432.html#cutid1 ; avadriel.livejournal.com/81802.html ; shinga.deviantart.com/art/Head-Trip-Twilight-Sucks-85504254 :D
Okei, eg har ombestemt meg itte å ha lest gjøno disse linkane igjen. Eg vil lesa og/eller sjå Twilight kun for lulz, for eg trur eg kunne få noken tima me rå latter ut av da..hvis eg orke å lesa 500 sider me "woe is me for the dazzling vampire does not love me. Except he does. Except he doesn't. Except.." :look
...eg e ferdig. ^^

Kari Lovise

25.jan.2009 kl.15:24

Eg har ikkje oppdaga at han tok ut motoren enno... men faren koblar ut batteriet på motoren når han ikkje vil at ho skal gå nokon stad :p... Eg seier ikkje at bøkene er eineståande! Elantris er eineståande. Den synest eg du bør lesa. Twilight les eg berre avdi eg har lyst. Poenget er nemleg at: "woe is me for the dazzling vampire does not love me. Except he does. Except he doesn't. Except.." er ganske underhaldande. Du må berre ignorera at han er ein engel på 9 av 10 sider :p

dei 500 sidene lese du på eit par dagar :)

25.jan.2009 kl.20:48

Kari min skjønne, eg saknar deg! Du bør sjå six feet under. Det er morosamt.
Kjem du heim om to veker`?

25.jan.2009 kl.21:15

Eg er litt usikker på kven du er, men namnet Hanne slo nett ned i meg... Eg kjem ikkje heim om to veker. Reiser til Gol ein tur om ikkje så lenge...
såg ein del six feet under. Bra serie :)

26.jan.2009 kl.00:42

Eg like mamma :D Og kamera. Og deg. Har du sett stardust? den e mystifistisk og ganske ok, men ikkje heilt ekstrasuper. Eg e veldig for å bøffa buffy av deg ;) hoho! E du frisk som ein fisk?

Gudrun

26.jan.2009 kl.00:43

Og da va btw fra gudrun.

Lisa

26.jan.2009 kl.08:50

Okei, da kan vera at eg har misforstått og at da va faren så gjore da og ikkje Edward.. Som sagt, da eg kan om Twilight har eg frå internett (og eg kan egentlig alt for mykje :look).
Men...nei. Eg har for lite tid te å lesa bøke så da e, så då vil eg konsentrera meg om å lesa GOE bøke, i staden for fanfiction-gone-published. :p (Da e sant! Te og me RPattz sa da! ^^)

Kari Lovise

26.jan.2009 kl.10:34

Var på veg til å verta ein frisk fisk, men vakna i dag med kaktus i halsen =(

Lisa: Elantris er ei bra bok! Bryan Sanderson. Les Twilight til sommaren. Uansett er Robert kva-han-no-heiter ganske så nydeleg (om ikkje alltid like perfekt), og er grunn god nok til å sjå filmen...

Lisa

26.jan.2009 kl.23:18

Syns du da? Eg syns han ser så plastikk ut. :p E kje så fan av RPattz (Robert Pattinson) generelt, verken i Twitlight eller Harry Potter. :look
Dessuten: HAN. GLITRE. o.O GLITRE!

Kari Lovise

26.jan.2009 kl.23:51

Var seriøst skuffa øve glitringo :p Hadde håp på sprakande, ikkje glinsande...
Nei. Ikkje plastikk. Gummi kanskje :p

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

20, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Skal leika meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff i 3 år på Universitetet for miljø-og biovitenskap på Ås. Og kanskje to år til. Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

Kategorier

Arkiv

hits