Bloggar

Eg har nett no to bloggar eg skriv i. Eg skriv ikkje fast i nokon av dei, men likevel så sjekker eg venesidene mine på begge, gjerne fleire gonger dagleg.

Eg krysspostar lite. Dersom nokon har lyst å sjekka ut LiveJournalen  min, så ligg det link her på sida. Den er på engelsk, og denne på norsk, så om eg krysspostar (eg trur eg gjorde det ein gong) så er det på engelsk...

Innhaldet av desse to bloggane er ganske forskjellig. Her skriv eg i hovudsak til folk eg kjenner, på norsk, om det som skulle skje i livet mitt. Eg veit at mamma og pappa les denne bloggen med jamne mellomrom. Eg kjem med eit og anna kort innfall av merkelege meiningar, men ikkje så ofte :p

LiveJournalen inneheld i mykje større grad ulike testar, små klager på ting, merkelege konklusjonar og ting eg finn på YouTube. Den inneheld og litt dagbokting frå før eg fekk denne bloggen. Den er på engelsk, avdi dei fleste som får oppdateringar på den er ikkje norske. Eg kjenner dei i hovudsak frå TarValon.net, eit veldig bra online samfunn basert på "Wheel of Time"-serien av Robert Jordan. Det er ei handfull med nordmenn som og får oppdateringar, men dei skriv og alle på engelsk, og me har mange feles kontaktar :-)

Er litt usikker på kvifor eg skriv denne bloggen, men eg trur det har med at Krista har fått blogg her.

Ellers vurderar eg å laga ein krosspostingsbogg med denne på blogspot, avdi eg har ein del bloggar eg heldt auga med på den sida, og eg trur det ville vore lettare om eg hadde hatt ein blogg der. Er ikkje sikker på om eg kjem til å gjera det...

Helga har forsvunne i vakt på Samfunnet, matlaging, filmar og cellebiologi.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kari Lovise

Kari Lovise

20, Bømlo

Bioteknologi? Oi! Da e sikkert gøy! Skal leika meg med gener, bakteriar, sopp og kjemiske stoff i 3 år på Universitetet for miljø-og bioteknologi på Ås. Og kanskje to år til. Eg lese bøke, spele klarinett,sitte litt for mykje på internett, er med venner og har det generellt ganske bra :)

Kategorier

Arkiv

hits